Velkommen til ein urframføring med NyNorsk Messingkvintett, Per Arne Glorvigen og Kjartan Fløgstad.

Festsalen i Kulturhuset Banken, 27. mai, kl 20.00

Billettar i salg her.

I Latin-Amerika har høgrevinden vore nordavinden, med stormkast ovanfrå, frå Den rike verda, USA. I dag bles kraftige politiske vindar frå alle kantar, nord og sør, aust og vest. Kontinetet er i opprør. Bolivia. Chile. Venezuela. Fattig mot rik. Urfolk mot byfolk. Evangeliske kristne. Oligarkar. Kokain. Folkerørsler og konstitusjonelle kupp.

Samtidig og til alle tider: Den kulturelle rikdommen spelar seg ut over heile kontinentet, innan litteratur, musikk, rytmar, song og musikk. Dette fargesprakande mangfaldet skal Canciones de cobre formidla noko av, i samspel mellom ord og tonar, i det nye opprørets tid.

Canciones dei cobre er ei konsertframsyning for bandoneon, messingkvintett og forteljar med ny musikk av Per Arne Glorvigen og nye tekstar av Kjartan Fløgstad.

Av Kjartan Fløgstad og Per Arne Glorvigen. Medverkande: NyNorsk Messingkvintett, Per Arne Glorvigen og Kjartan Fløgstad.

Les meir her.