Per Arne Glorvigen

Per Arne Glorvigen (f. 1963) kjem ifrå Dovre og vert rekna som ein av dei viktigaste bandoneon-spelarane i sin generasjon. Han gjekk ut frå Noregs Musikkhøgskule i 1987 med akkordeon som hovudinstrument og reiste deretter til Paris der han vart elev av den Argentinske bandoneonvirtousen Juan José Mosalini.
Etter tre år med omskolering/studiar hjå Mosalini og etter fleire opphald i Buenos Aires byrja Glorvigen verksemda si som profesjonell bandoneonist. Møter med Tango-legender som Astor Piazzolla, Horacio Salgán, Osvaldo Pugliese og Horacio Ferrer vart avgjerande. Komposisjonsstudier med Eric Tanguy og Guillaume Connesson i Paris har ført til at Glorvigen har fremført musikken sin i de fleste europeiske land.

Deltar i:

KUNSTNERMØTER

Lørdag | 15:00 - 17:30 | Litteraturhus Lillehammer

Legg til i din festival

CANCIONES DE COBRE / KOPARSONGAR

Lørdag | 19:30 - 20:45 | Kulturhuset Banken, Festsalen

Legg til i din festival