Brit Bildøen

Brit Bildøen (f. 1962) er forfattar og forlagskonsulent. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan gitt ut barnebøker, gjendiktingar, romanar og essay. I romandebuten, Eit anna eple (1992), skildrar Bildøen små, fantastiske ting i dagleglivet gjennom ei samling eventyrlege korttekstar. I Tvillingfeber (1998) møter vi Ida, som leitar etter sin tapte tvilling – i seg sjølv, i eit gammalt fotografi, i menn og onklar og venninner. For denne boka blei Bildøen tildelt både Osloprisen og Nynorsk litteraturpris i 1998.