Hilde Myklebust

Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008.

Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande. I Søkk skapar forteljingar frå barndomen, brå minne, segner, overtru og folkeprat ein underliggjande straum av uro mot noko som blir til ei kald røynd. Ramma rundt dikta er forteljinga om ei ung kvinne som mister barnet sitt.

I 2009 gav Myklebust ut biletboka Jon og den lange julenatta, illustrert av Inger Lise Belsvik. I 2020 kom bildeboka Ylva og villgeitene, illustrert av Akin Duzakin.

Myklebust har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert litteratur- og teatervitskap ved Universitetet i Bergen.

USHOWET

25. mai | 10:00 - 11:00 | Maihaugsalen

Legg til i din festival

UPRISENS UNGDOMSBOKBAD

24. mai | 19:00 - 20:30 | Maihaugsalen

Legg til i din festival

BARNEBOKBAR

25. mai | 18:00 - 19:30 | Brenneriet

Legg til i din festival