Inger Lise Belsvik

Inger Lise Belsvik (f. 1961) er grafikar, teiknar, illustratør og forfattar. Som illustratør meistrar Belsvik den fine balansegangen mellom tolking og meddikting. Ho har fleire gonger vunne gull i konkurransen «Årets vakreste bøker», og ho fekk Kulturdepartementets illustrasjonspris i 1997 og 2004. Hausten 2010 debuterte Belsvik som forfattar, med biletboka 'Spring, hesten, spring!'. Belsvik har utdanning i grafisk kommunikasjon frå Stavanger og i illustrasjon frå Kingston University i England. Ho har også hospitert ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og vore student ved Norsk barnebokinstitutts forfattarutdanning. Belsvik kjem frå Sandnes, men bur og arbeider i Oslo.

SEMIKOLON

31. mai | 11:00 - 12:15 | Lillehammer kino, sal 2

Legg til i din festival