Jorunn Veiteberg

Jorunn Veiteberg (f. 1955) er dr.philos. i kunsthistorie og professor II ved Kunsthøgskolen i Bergen og Kunsthøgskolen i Oslo. Ho har tidlegare arbeidd som kritikar, kurator, forskar og redaksjonssjef for kunst og kultur i NRK/Fjernsynet. Frå 1998 til 2007 var ho redaktør av tidsskriftet Kunsthåndverk.

Sidan 2004 har Jorunn Veiteberg vore medlem av Think Tank. A European Initiative for the Applied Arts. I 2010 fekk ho tildelt Norsk forms heiderspris. Prisen blir gitt til personar eller institusjonar som har ytt ein framifrå innsats innanfor Norsk Forms fagfelt.

BIBELEN PÅ 200 SIDER

4. jun | 12:00 - 12:50 | Brenneriet

Legg til i din festival