Linda Eide

Linda Eide er NRK-journalist, programleiar, forfattar, fjernsynsforteljar, radiostemme og kåsør i radio og på scene. Kjent frå fjernsynsseriar som Smæsj – ei kulturhistorisk sportskrønike, og Norsk attraksjon, der ho reiste landet på kryss og tvers og guida det norske folk rundt til attraksjonar du ikkje finn i Guideboka.

Eides språksjov: Dei siste åra har Linda bydd inn til Eides språksjov på NRK1. Eit leikent snakkesjov som hyllar og tullar med vår språklege kvardag. Dette er språkopplysning i ei laussluppen innpakking, med eigen pianist og eigen professor. Med artistiske gjestar og faste og mindre faste postar. Eides språksjov er språkformidling på ein uhøgtidleg måte, i eit show med enkel v. Eides språksjov er tilbake med ein niande sesong, i november 2021.

Eide har vunne fleire prisar for journalistikken sin. Blant anna Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Gullruten for beste programleiar i 2012 og for beste reportasje 1997. For sin fjernsynsdokumentar om syklingas kår i Noreg, vann ho Gullparaplyen frå Bergen Journalistforeining. I 2018 prisa Hordaland Fylkeskommune ho som årets hordalending. Ho har også mottatt ulike språk- og dialektprisar frå Noregs Mållag, Noregs Målungdom, og Hordaland Mållag​​​​​​​. Og i august blir ho tildelt storegutprisen, delt ut av Vinjesenteret. I oktober 2020 motto ho noko såpass oppsiktvekkande som pris frå Riksmålsforbundet. Riksmålsforbundets språkgledepris.

NORDISK SPRÅKSJOV MED LINDA EIDE

Fredag | 20:00 - 21:00 | Brenneriet

Legg til i din festival