Stephen J. Walton

Stephen J. Walton (f. 1958) er forfattar og språkforskar, fødd i Leicester. Han studerte nordisk med tysk bifag ved University College London, og tok doktorgraden på Ivar Aasen og nasjonalromantikken ved University of Cambridge i 1986. Walton var tilsett som universitetslektor, seinare dosent, seinare professor i norsk ved University College London, i tida 1983-2003. Frå 1997 har han vore professor ved Høgskulen i Volda.
Han har mellom anna skrive to biografiar om Ivar Aasen, ei sakprosabok om amerikanisering, og i 2012 utga han romanen 'Roadmovie'. I 2009 fekk han Språkprisen og Melsomprisen for 'Skaff deg eit liv!'.

Deltar i:

MUXE-KULTUR

Lørdag | 15:23 - 15:38 | Strømmes på litteraturfestival.no

Legg til i din festival