Ordskiftet i eit stemningsskifte. Radioopptak av “Desse dagar” i NRK P2.

Samfunnsdebatten ser ut til å vere prega av større motsetnad og splitting enn før. Ordbruken i kommentarfelta blir for sterk kost for mange mediehus, såpass at den eine avisa etter den andre stenger kommentarfelta sine.

I år er det også 10 år sidan den kontroversielle britiske historikaren David Irving blei nekta å opptre på Litteraturfestivalen på Lillehammer. Debatten om scenenekt, såkalla no-plattforming, blussa opp att i samband med Steve Bannon sitt besøk på Mediedagene i Bergen tidleg i mai.

Korleis snakkar vi til kvarandre? Kva skal vi gjere med haldningar og ytringar vi ikkje likar? Skal vi feie dei under teppet og håpe dei forsvinn, eller legg vi lok på noko som uunngåeleg kjem til koke over?

I aktualitetsprogrammet "Desse dagar", tek programleiar Håkon Haugsbø eit steg tilbake for å sjå på aktuelle saker frå nye ståstader.