AVSLUTNINGSFORESTILLINGEN: JON FOSSE FOR DUMMIES

Bli kjent med forfattaren, Strandebarmingen og Grottenbuaren Jon Fosse. Kven er han, kva skriv han, korleis skriv han, og kva var det som skjedde då mannen som aldri skulle skriva for teater, over natta vart ein verdensberømt dramatikar?

Fosse for dummies er eit sjov med forteljingar, anekdotar og underhaldande analysar av Jon Fosse, mannen og diktinga. Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkøyring? Og kvar ville han sjølv ha byrja om han var ein Fossefersking? Og kva tenkjer han om lesarane, kritikarane og journalistane? Og: Er han verkeleg så vanskeleg tilgjengeleg som folk skal ha det til?

Dette er dumskallens inngangsbillett til Fosseriket. Og jamvel den vidarekomne kan henta med seg nokre studiepoeng!

Linda Eide med musikalsk og verbal bækking: Sjur Hjeltnes

Søndag 5. jun

17:00-17:50

280,–
Festivalteltet

Legg til i din festival

Bidragsytere