CANCIONES DE COBRE / KOPARSONGAR

I Latin-Amerika har høgrevinden vore nordavinden, med stormkast ovanfrå, frå Den rike verda, USA. I dag bles kraftige politiske vindar frå alle kantar, frå nord og sør, frå aust og vest. Kontinentet er i opprør. Bolivia. Chile. Venezuela. Fattig mot rik. Urfolk mot byfolk. Evangelisk kristne. Oligarkar. Kokain. Folkerørsler og konstitusjonelle kupp. Samtidig og til alle tider: Den kulturelle rikdommen spelar seg ut over heile kontinentet, innan litteratur, musikk, rytmar, song og musikk. Dette fargesprakande mangfaldet skal Canciones de Cobre formidla noko av, i samspel mellom ord og toner, i det nye opprørets tid. Canciones de Cobre er ei konsertframsyning for bandoneon, messingkvintett og forteljar, med ny musikk av Per Arne Glorvigen og nye tekstar av Kjartan Fløgstad.

Lørdag

19:30-20:45

Legg til i din festival