Dei nye kapellanane med Jon Øystein Flink / Flinkini

Dei nye kapellanane er ei gruppe som er forsøkt avvikla fleire gonger men som faen ikkje gjer seg. Gruppa speler populærmusikk på nynorsk. Gruppa blei stifta i 1992 og er revitalisert med ein rekkje saloonar med ulike gjester dei siste åra.
Jon Øystein Flink er forfattar, tryllekunstnar og spelemann og har gitt ut sju bøker, trylla på den russiske ambassaden og med sitt eminente gitarspel underhalde nordmenn over det ganske land. Dersom han ikkje skriv, tryllar eller speler rockegitar i tungrockgruppa Desertör, bruker han å reke rundt halvfull på Torshov i Oslo og skrike ukvemsord til tilfeldige forbipasserande.
På Lillehammer møtest dei i musikalsk og tryllerisk konfrontasjon, der Ragnar Hovland utpå kvelden blir saga i to.
Trygve Åslund, Aschehoug, Ragnar Hovland, forfattar, Lars Fredrik Beckstrøm, deLillos, Jørn Mortensen, KHiO/Penthouse Playboys, Arnt Maasø, Universitetet,og Martin Hystad, Universet.