EIT HJARTE TIL JUL

Magi i juletreskogen. Mammaen til Nora ligg på sjukehuset. Ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk. Nora vil så gjerne at mamma skal bli som før. Men kva om mamma blir heilt annleis med eit nytt hjarte? Tenk om ho ikkje vil kjenne Nora att? Det synest ho er skummelt å tenke på. Då er det godt å ha ei farmor som veit om ein magisk juletreskog. Saman med farmor og pappa finn Nora det perfekte juletreet, og over himmelen fer det eit stjerneskot. Kanskje Nora sitt ønske om at mamma skal bli frisk går i oppfylling òg? Forfattar og musikar Line Dybedal, musiker Mathias Marstrander og illustratør Line Renslebråten fortel, speler og viser illustrasjoner frå sin nyaste bok.

Onsdag 1. des

10:00-10:45

Alder: 6 - 9

Litteraturhus Lillehammer

Legg til i din festival