JULEROSER

Herborg Kråkevik er aktuell med 6. utgåva av Juleroser, det nydeleg illustrerte, litterære juleheftet så mange har vorte glade i, med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid. I år er Kransen tema for heftet, og på Bjerkebæk denne dagen vil Sigrun Slapgard fortelje frå sin tekst i heftet: Å ture jul med Sigrid Undset. Kor tett var eigentleg bydama Sigrid Undset på universet ho skapte i romanverket Kristin Lavransdatter? Kor nær var ho til den verkelege Gudbrandsdalen, dei gamle skikkane og historia der? Slapgard har ettergått både liv og verk på nytt for å finne svar. Herborg Kråkevik og hennar pianist vil binde det heile saman og gi smakebitar frå innhaldet i årets Juleroser i ord og tonar. Velkommen til førjulsstemning på Bjerkebæk.

Arrangør: Lillehammer museum

Søndag

10:30-11:50

135,– / 95,– (for studenter),-
Bjerkebæk

Legg til i din festival