Lag ditt eige dorulldyr

Vi inviterer til verkstad med Bokleik-forfattar Anna R. Folkestad. Først må du bestemme deg for kva for dyr du vil lage. Eller ikkje. Kanskje det blir eit fantasidyr som kjem fram medan du lagar det? Du kan lage eit dyr som liknar på deg. Elskar du å klatre som ein apekatt? Eller er du god til å liggje og lure i vatnet som ein krokodille? Du kan også lage eit dyr som kan noko du gjerne skulle ønskt at du kunne. Ei flaggermus som kan fly, eller ei loppe som kan hoppe! Kom og skap i Lillehammer Kunstmuseums flotte lokale.