Les for livet

To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får lov til å vende tilbake, må dei løyse eit livsviktig oppdrag. Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei òg kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, har gløymt korleis det er å vere forelska, dei veit ikkje ein gong kva venskap er. Dette må dei lære seg på nytt. Kjenslene er å finne i litteraturen. Men dei har dårleg tid! Les for livet! er ei skikkeleg spanande framsyning som formidlar nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Medverkande: Siri Beate Fossum og Kim Helge Strømmen.

Foto: Vigdis Nielsen