OPPOSISJON OG NAIVITET

Vi er i 1959. Norge var prega av kald krig, atomkapplaup og USA-beundring, men det fanst opposisjon. Georg Johannesen og Berge Furre var blant dei unge som leita etter alternativ. For Furre var fienden forbrukarsamfunnet og håpet om at det fanst andre vegar til velstand og lykke førte han inn i ei farleg DDR-beundring. Johannesen var mindre naiv, men heldt fast på ein fascinasjon for Sovjetunionen. Kva følgjer fekk det at gåverike, godt utdanna nordmenn blei så inderleg austvende, og kva førte det til for norsk venstreside?
I panelet: Alfred Fidjestøl, forfattar av biografien om Georg Johannesen og Arnhild Skre, forfattar av biografien om Berge Furre. Ordstyrar er Astrid Sverresdotter Dypvik, redaktør i Syn og Segn.

Arrangør: Syn og segn

Fredag 26. mai

10:00-10:50

Kulturhuset Banken Bransjescenen

Legg til i din festival