REGLEBEIN, REGLEBEIN

Kva skjer når tilsynelatande meininglause rim og regler blir til seriøs musikk og dans? Er det eigentleg seriøst, eller er det berre tull? Komponist Hans Martin Austestad og koreograf Silje Onstad Hålien møtest i eit univers der alt ligg til rette for tungekrøll og spretne harmoniar. Leik og tull, alvor og fjas går hand i hand, akkurat slik vi kjenner det frå sjølve livet. Ellingar og hurrarop frå leiken i skulegarden møter nyskriven musikk og set rytme i reglebeina.

Tirsdag

10:00-10:45

Alder: 4 - 10

Kulturhuset Banken, Festsalen

Legg til i din festival