Sex og skravel

Du skal høyre mykje i løpet av eit liv. Samtidig er det mykje som forblir usagt. I det heile er det slett ikkje lett å gjere seg forstått, spesielt ikkje når det er snakk om det intime. Språket er like kjønna som kleda vi går i, men betyr det at vi ikkje har noko val? Språket skaper røyndom, og det kan vere lurt å tenkje over kva du seier, og ikkje minst kvifor du gjer det! Kanskje er dette den kvelden det losnar språkleg? Med hjelp frå Helene Uri og Kristin Fridtun blir du i alle fall meir bevisst.