Språkkafe med Kristin Fridtun

Kva slags form og eigenskapar har språket? Det har folk krangla om i uminnelege tider. Aasmund O. Vinje meinte at landsmålet var eit staseleg orgel, Knut Hamsun meinte at det var eit salmodikon – eit simpelt, einstrengja strykeinstrument. Dialektane har blitt oppfatta som friske fjellbekker, medan skriftspråka er velordna byggverk. Men kven av språka våre er det beste verktøyet? Og kven var det som hevda at språket er ein sau? Filolog og språkspaltist Kristin Fridtun har svaret.

Foto: Lene Sørøy Neverdal