TEKNOLOGIEN I LITTERATUREN

I dette foredraget vil Kjartan Fløgstad, med bakgrunn i sitt eige forfattarskap, reflektere over teknologien i litteraturen, og kanskje også over litteraturen i teknologien. Med hans egne ord:
Ein tidleg vårdag i 1960 blei heilt avgjerande for forfattarskapen min. Då var eg 16 år gammal og stempla inn til min første arbeidsdag i tungindustrien. Staden var portvakta til smelteverket EFPCo i Sauda i Ryfylke. Det var eit overveldande, men ikkje skremmande førsteinntrykk. Sjølv som pur unge ferieavløysarar gjekk me rett inn i eit tett og solidarisk arbeidarkollektiv.
For ein unggut var det ei skilsettande oppleving å meistra den industrielle teknologien. For ei forfattarspire var det endå meir fruktbart å gå inn i den rike fortellekulturen på ein arbeidsplass der 1300 tilsette nok dreiv med tungarbeid og lønskamp, men også hadde overskot til å dyrka gode replikkar og dryge historier.
I tillegg til møtet med forteljekunsten gjorde eg ei anna grunnleggande erfaring. På bedrifta til Union Carbide følte me oss på parti med framtida, både teknologisk og som del av det økonomiske verdssystemet. I den verda me stempla inn i på fabrikken, var ingeniøren over alt. Han – det var alltid ein mann – hadde bygd fabrikken og fekk hjula til å gå rundt. Han sat på toppen som direktør. Han sat over teiknebrettet på sitt fjerne kontor, og når han var ute i produksjonen, var det i slips og dressjakke under lagerfrakken. Blant oss på golvet blei han sett på med mistru, som omvandrande teori på to bein.
For arbeidsfolk var det harde tak i den verda ingeniøren hadde skapt, og som me forvalta. Som sjef representerte han Dei Andre, han var helt og skurk. I bøkene mine nedfeller det industrielle arbeidslaget og spenningane mellom utdanning, kunnskap, teori og praktisk arbeid seg i skildringar av maskineri og arbeidsprosessar. Slik blei smelteverket både metallfabrikk, og min fremste litterære metaforprodusent.

Arrangør: Tekna

Torsdag 25. mai

18:30-19:20

180
Festivalteltet

Legg til i din festival

Bidragsytere