Programmet for Komma, visningsarena for Den kulturelle skolesekken (DKS), på Lillehammer er no lansert.
Komma arrangerast i samband med Norsk Litteraturfestival på Lillehammer måndag 2. og tysdag 3. juni, og er eit samarbeid mellom festivalen, Norsk Forfattarsentrum, Kulturtanken og fylkeskommunane i Innlandet, Akershus og Buskerud. Som deltakar får du blant anna oppleve aktuelle produksjonar i DKS og møte produsentar, bibliotekarar, formidlarar og forfattarar.
– Gjennom Komma ønskjer vi å synleggjere litterære formidlingsopplegg, arrangere faglege samtalar og etablere sosiale fellesskap. Dette er ein god moglegheit for deltakarar frå ulike regionar til å oppdage nye litterære formidlingsopplegg og få fagleg og sosialt påfyll, seier programsjef for Pegasus ved Norsk Litteraturfestival, Ole Ivar Burås Storø.
Programmet til Komma 2025 er no klart og påmeldinga open. I løpet av to dagar vil deltakarane få med seg både framsyningar, høgtlesing og samtalar.
– Programrådet har satt saman eit spennande program med fin breidde til ulike skuletrinn. Det er også god variasjon mellom fullvisningar og faglege panel, seier Burås Storø.
Fagansvarleg for litteratur i Kulturtanken, Kristin Stoltz Thomassen, meiner Komma har etablert seg som ein av dei viktigaste møteplassane for alle som jobbar med litteratur i Den kulturelle skolesekken.
– For utøvarane er Komma ein unik arena kor dei får vist fram sine litterære produksjonar, medan DKS-tilsette kan vere sikre på at dei får oppleve eit variert program av høg kvalitet, seier ho.
Nokre høgdepunkt frå programmet:
Kathrine Nedrejord, Sarakka Gaup og Kátjá Rávdná Broch Einebakken om formidling av samisk litteratur og andre kulturuttrykk for unge i dag.
Aina Basso i samtale med debutantane Bibi Fatima Musavi og Erling A. Westgaard Flote om forventing og konflikt i bøkene Jenter som meg og Utveg.
Framsyning av produksjonen Å bli den du er med utgangspunkt i den sjølvbiografiske teikneserieromanen Gender Queer av Maia Kobabe.
Forteljing, høgtlesing og musikk basert på romanen Løgner som lyser av Tyra T. Tronstad.
Lene Ask og Kjersti Synneva Moen samtalar om formidling av teikneseriar som sakprosa og skjønnlitteratur i DKS og i møte med unge lesarar.
Komma er et samarbeid mellom Norsk Litteraturfestival, Den kulturelle skolesekken, Norsk forfattersentrum, Innlandet fylkeskommune, Akershus fylkeskommune, og Buskerud fylkeskommune.
Med Komma ønsker vi å synliggjøre god litteratur og bidra til bedre spredning, større bredde og mangfold innen Den kulturelle skolesekken og i andre sammenhenger der det er ønske og behov for god formidling av litteratur.