Gunnhild Øyehaug

Gunnhild Øyehaug er fødd i 1975, oppvaksen i Ørsta, busett i Bergen. Ho er utdanna cand.philol. og er lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho debuterte i 1998 med ei diktsamling, og har sidan skrive fleire novellesamlingar, romanar og essaysamlingar. Ho har også skrive manus til ein langfilm og ein kortfilm, og fått Sultprisen og Doblougprisen for forfattarskapen sin. Øyehaug er omsett til fleire språk. I 2018 vart den amerikanske utgåva av romanen Vente, blinke nominert til National Book Award, ein av dei mest prestisjetunge litterære prisane i USA. I 2022 vann ho O. Henry Prize for Short Fiction 2022 for novella «Eple», som opphaveleg stod på trykk i Draumeskrivar og er trykt i tidsskriftet Freeman’s nummer om kjærleik omsatt til engelsk av Kari Dickson. I desember 2022 blei det kjend at den amerikanske omsettinga av romanen Presens Maskin er er på langlista til beste omsette fiksjonsbok i 2022 av amerikanske litteraturkritikarar, i organisasjonen National Book Critics Circle! Prisen blir dele ut i mars 2023.

NOVELLENS KRAFT

26. mai | 15:00 - 15:50 | Nansenskolen

Legg til i din festival