PÅ KRUNGLETE VEGAR

Oversettertimen

På randa av det verkelege:
Bruno Schulz (1892–1942) blir rekna som ein av dei fremste polske forfattarane i det tjuande århundret, og det polske språkets geni. Han skreiv i et landskap mellom røynd og draum, der det undrande blikket til barnet og det rike biletspråket til den vaksne forfattaren synest gjensidig forbundne. Omsetjar Julia Wiedlocha fortel om novellesamlinga Kanelbutikkane og andre forteljingar, og om korleis vegen frå original til omsetjing er brulagd med flimrande kompromiss.

Vaskekjerring utan handbok: Det ligg eit paradoks i at ein manusvaskar sit med mykje ansvar og potensielt kan ha stor påverknad på ein tekst, samstundes som det ikkje finst korkje kursing eller utdanning i det å språkvaske. Forfattar, omsetjar og manusvaskar Maren Barlien Guntvedt vil snakke om islandske omsetjarnøtter og om korleis ein vaskar må kunne løfte ein tekst – utan manual, og utan å bli uvener med omsetjaren undervegs (og utan å få namnet sitt på boka).

Tid

Søndag
12:00-12:50

Sted

Søndre Park

Pris

Gratis

Legg til i din festival

Arrangør: Norsk Oversetterforening

Bidragsytere