Programmet for Komma, visningsarena for Den kulturelle skulesekken (DKS), på Lillehammer er no lansert.
Komma arrangerast i samband med Norsk Litteraturfestival på Lillehammer måndag 1. og tysdag 2. juni, og er eit samarbeid mellom festivalen, Norsk Forfattarsentrum, Kulturtanken og fylkeskommunane i Innlandet, Akershus og Buskerud. Som deltakar får du blant anna oppleve aktuelle produksjonar i DKS og møte produsentar, bibliotekarar, formidlarar og forfattarar.
– Gjennom Komma ønskjer vi å synleggjere litterære formidlingsopplegg, arrangere faglege samtalar og etablere sosiale fellesskap. Dette er ein god moglegheit for deltakarar frå ulike regionar til å oppdage nye litterære formidlingsopplegg og få fagleg og sosialt påfyll, seier programsjef for Pegasus ved Norsk Litteraturfestival, Ole Ivar Burås Storø.
Programmet til Komma 2026 er no klart og påmeldinga open. I løpet av to dagar vil deltakarane få med seg både framsyningar, høgtlesing og samtalar.
– Programrådet har satt saman eit spennande program med fin breidde til ulike skuletrinn. Det er også god variasjon mellom fullvisningar og faglege panel, seier Burås Storø.
Fagansvarleg for litteratur i Kulturtanken, Kristin Stoltz Thomassen, meiner Komma har etablert seg som ein av dei viktigaste møteplassane for alle som jobbar med litteratur i Den kulturelle skolesekken.
– For utøvarane er Komma ein unik arena kor dei får vist fram sine litterære produksjonar, medan DKS-tilsette kan vere sikre på at dei får oppleve eit variert program av høg kvalitet, seier ho.
Nokre høgdepunkt frå programmet:
Live av Eiri Fauske – eit annleis formidlingskonsept som opnar for improvisasjon og inviterer publikum inn i teksten som fortløpande blir projisert på ein skjerm.
Aon Raza Naqvi (Forbanna ungdom) og Frederik Svindland (Jævelunge) viser utdrag frå sine produksjonar og samtalar med Øyvind Holen om skriving, lesing og formidling til ungdom.
Fullvisning av Skilsmission av Pia Tveterås. Daria elskar boksing, men hatar at foreldra hennar er så lite engasjerte i både ho og dei tinga ho er oppteken av. Om dei skil seg, vil ikkje alt bli betre då?
Kristin Sundelin møtar Endre Lund Eriksen og Ida Therese Klungland til samtale om suksesskriteriar og erfaringer med Den kulturelle skulesekken.
Komma er et samarbeid mellom Norsk Litteraturfestival, Den kulturelle skulesekken, Norsk forfattersentrum, Innlandet fylkeskommune, Akershus fylkeskommune, og Buskerud fylkeskommune.
Med Komma ønskjer vi å synleggjere god litteratur og bidra til større breidde og mangfald innan Den kulturelle skulesekken, og i andre samanhengar kor det behov for god formidling av litteratur.
