Boklek-show: Det runde problemet

Tid

Fredag
10:00-10:30

Sted

Verdensteateret

Alder:

4-7 år

Tilgjengelige plasser: 77

Boklek-show: Det runde problemet

Robert klarer ikkje å smile.
Alt er berre rot.
Og då han snublar i ei rund greie som ligg på golvet, skjønner Robert at han
har eit problem.

Det runde problemet er ei sprelsk og morosam biletbok om eit rundt problem som kanskje er noko anna enn ein først skulle tru. Her kan barna både le og gruble!

Forfattar og illustratør Vegard Markhus er også låtskrivar i bandet Naboen min. Til Pegasus tar han med seg både bok og gitar til Verdensteateret for å lese, prate og spele med barna.

Bidragsytere