Jenny Fender er ei lettlesen og fengande bok for mellomtrinnet om rockejenter på terskelen mellom barndom og ungdom. Det som var så sjølvsagt som barn, er ikkje alltid like sjølvsagt som ungdom. Og korleis skal ein greie å vere ein god bestevenn når ting skjer og nye kjensler lever sitt eige liv?
I boka følgjer musikken handlinga, slik at lesaren kan oppleve den i fleire dimensjonar. Dette har forfattar Heidi Marie Vestrheim med sin musikalske bakgrunn tatt med seg vidare i formidlinga av Jenny Fender for publikum.
Vestrheim styrkar det musikalske ved å ha med seg ein musikar som ikkje berre komplimenterer musikken, men også heilskapen i forteljinga.
Framsyninga kombinerer musikk, høgtlesing og gjenforteljing i eit humoristisk, levande og variert uttrykk. Boka blir lesen og framført av Vestrheim med sin Fender-gitar og Brit Aksnes på Casio-keyboard.
Produsert i samarbeid med DKS Innlandet, Akershus, Buskerud og Østfold.

Bidragsytere